Reiseblogg fra Travellerspoint

Snipp snapp snute...

sunny 10 °C

...så er eventyret ute...

No har me komme heim etter 120 dagar på reisefot. Må sei tida har gått fort. Me har kost oss kvar dag, og opplevd mykje av det verda har å by på. Me har hatt ei fantastisk tid og møtt mange snille folk, men jaggu har me møtt mange artige skrua og!
Dei minna som sit best er heilt klart turen til Machu Picchu. Det er me begge ganske enige om. Det landet me synst hadde mest spennande å by på var Costa Rica. Dei hadde alt fra vulkanar, fjellklatring, canopy og regnskogar til eit fantastisk strandliv i ein brennande hete!
Noko som osgå har brent seg godt inn i skallen er da me klappa tigrar i Thailand. Det er noko me aldri i livet hadde trudd me skulle få oppleve!

Ellers synest me det er kjempe kjekt at så mange har følgt med på bloggen og hatt glede av den, sjølv om me ikkje akkurat har blitt bøtta ned med kommentarar :-)
Og me håpar at me kanskje har inspirert andre til å reise på ein liknande tur. Det er såfall verdt det og me hadde reist igjen i morgon dersom me hadde hatt moglegheit!

Her kjem litt uviktig informasjon om turen:
- Gjennomsnittleg trusa er brukt i 3 dagar
- Har drukke ca.130 colaboksar kvar
- Har vaska klede 3 gangar på heile turen
- Har reist 55475 km
- Har tatt 5758 bilete
- Peng brukt: ?????
- Antal timar i fly: ca.79
- Har laga mat ca.4 gangar. = nudlar

Allan og Guro

Allan og Guro


Her er reiseruta vår

Klem Allan og Guro

Skrevet av GuroAllan 04:37 Arkivert i Norge Kommentarer (1)

Christ the Redeemer, favela og luksus-hotell

sunny 30 °C

Sidan sist har me gjort på litt anna enn berre strand og mat.
Eine dagen reiste me opp på jesus-statuen. Den var såklart dekka med stillas og det var litt dumt. Men var ikkje ein bom-tur alikavel. Hadde ein heilt fantastisk utsikt fra toppen!
Rio

Rio


Sukkertoppen

Sukkertoppen


Ein eller anna dum turist...

Ein eller anna dum turist...


Sør-Amerikas største stadium. Har visst nok vore nesten 200.000 der

Sør-Amerikas største stadium. Har visst nok vore nesten 200.000 der

I går meldte me oss på ein tur der me fekk køyra Jeep til den største favelaen i Sør-Amerika. Favela er namnet på slummane. Denne favelaen er 4 kvadratkm stor og på det området bur det 200.000 menneske. Og ja, dei bur tett i tett! Det som var ganske merklig var at når me køyrte opp til denne favelaen, køyrte me forbi Rios dyraste skule. American-school. Der kostar det ca.10 000 kr.per mnd.for kvar unge. To minutt etter at me hadde køyrt forbi skulen var me i favelaen. Så nær kvarandre er dei rike og fattige.
Når me var i favelaen var det nokre gater me ikkje hadde lov å ta bilete i. Det er fordi mafiaen styrer der.
Ein skulle vel trudd at det ikkje er trygt å gå der, men er faktisk slik at dersom ein stjel, blir ein drept av mafiaen. Så me kunne gå framme med store kameraet heile tid. Det hadde me ikkje trudd!

Favela

Favela


Favela

Favela


Allan

Allan


Favela

Favela


Unge

Unge


Allan og Guro

Allan og Guro

I dag (onsdag) er siste dagen vår på tur og me har vore ilag i 3 år. Så i dag har me lagt oss inn på suite. Her har me god utsikt over heile Copacabana med eigen balkong. Fint å feire med ein fin plass å bu og ei natt der me slepp å kjenna fjærene fra madrassa i ryggen. Så har me eit flott basseng på toppen av hotelet. Der ligg me heile dagen og slappar av med ein bar til nærmaste nabo. Me nyt det siste døgnet på tur.

Guro

Guro


Drinken

Drinken


Allan med drinken

Allan med drinken


Allan

Allan


Copacabana

Copacabana

Skrevet av GuroAllan 12:21 Arkivert i Brasil Kommentarer (0)

Brasil

Ihla Grande og Rio de Janeiro

sunny 27 °C

Hei og hopp!
Kjem eit lite innlegg her om kva me driv med i Brasil.

Me hadde først to dagar i byen Sao Paulo, som er den største byen i Brasil. Her gjor me ikkje på så mykje anna enn å slappa av etter M.P.turen. Me fann heller ikkje heilt fram i byen. hehe
Me fann fort ut at me ville opp til Ihla Grande som er ei øy litt sør for Rio de Janeiro. Me satte oss på ein buss og la oss inn på eit hostell der båten ut til øya går. Dagen etter stod me tidlig opp og tok båten ut. Me hadde knall vær og kosa oss med den fine utsikten fra båten.
Me hadde funne eit fint hostell på internett som me ville bu på. Me kom fram og holdt rett og slett på å få sjokk. Såg ikkje litt ut som det samme hostellet. Det me hadde funne var fint og ryddigt og såg relativt reint ut. Det me kom til såg ut som eit bomba horehus, som pappa-Kjetil kalla det. Det var fullstendig kaos, og masse sand på golvet. Og det var IKKJE reint. Men me tenkte me skulle overleva ei natt. Var veldig billig.
Me gjekk rundt i den vetle landsbyen heile dagen og til vår store skuffelse starta det å regne. Slik fortsatte det i dei neste to dagane også, så me fekk ikkje sett noko særlig av øya. Me tenkte eine dagen at me skulle gå bort til Lopez Mendes stranda, men droppa den tanken fort når me såg dei gråe skyene som kom over oss fortare enn lynet. Me hadde ikkje særlig lyst å bruka mangen tima på å gå dit for så å berre snu og gå tilbake. Me kunne jo heller ikkje ta båt tilbake, da me ikkje visste det var umulig å få tatt ut peng på øya (manglande informasjon fra Ulrik:-) ).
':(' title='' />

Regn <img class='img' src='http://www.travellerspoint.com/Emoticons/icon_sad.gif' width='15' height='15'


Me hadde berre to overnattingar der og bestemte oss for å reise rett opp til Rio sjølv om det var meldt regn der og. Der kunne me i det minste søke ly på eit gedigent kjøpesenter :)

Her i Rio brukte me ein heil dag på hadling og frisør besøk. Dagen etter våkna me til knall sol og reiste rett ned på stranda. Det er for så vidt det me har gjort alle soldagane. Står opp i 9-10 tida, eter frokost på veg ned til stranda og resten av dagen ligg me strak på stranda :) Deilig liv :)
God frokost

God frokost


Guro

Guro


Allan

Allan


Copacabana

Copacabana


Allan

Allan


Sandslottet me bygde :p

Sandslottet me bygde :p


I Love Rio

I Love Rio

Som dikka sikkert veit er Brasil kjend for lekre damer i minimale bekiniar, og menn i små badetruser. Alle i smørt ein god dose olje. Så me fann ut at me ikkje kunne vere noko dårligare me heller. Gjekk til innkjøp av ei lita bade-truse, liten bikini og sist men ikkje minst, olje.
Sexy-Allan

Sexy-Allan


Guro

Guro


Aaahh

Aaahh


Han skille seg såfall ikkje ut

Han skille seg såfall ikkje ut


Blank og blid

Blank og blid


Allan

Allan

Så me blir godt grilla såfall :)

Resten av oppholdet skal me vel ligge på stranda, opp på sukkertoppen og jesus-statuen. Til vår store fortvilelse er Jesus-statuen dekka med stillas da dei driv med vedlikehold. Men me må nesten opp ein tur uansett.
Så siste dagen skal me bruka dei siste kronene våres på eit fint hotell sidan det er siste dagen på turen og me faktisk har vore ilag i 3 år den dagen. Må nesten feirast det.

Me sjåast snar heime i kalde Norge :)

Klem fra Allan og Guro

Skrevet av GuroAllan 14:20 Arkivert i Brasil Kommentarer (2)

Budget accommodation in Brasil

Read reviews from other Travellerspoint members.

Inka Trail til Machu Picchu

sunny

Dag 1:
Møtte på hotellet i Lima og fekk litt diverse beskjedar. Reiste ut for å handle regnjakke, men det var heilt umulig å finne. Så me satsa på at me ikkje kom til å trenge regnjakke sjølv om det regnar 151 dagar i året her i Peru.
Me møtte også alle dei andre som me skal vere med denne veka. Me kom i saman med 4 norske jenter og to svenske. Heilt topp!

Dag 2:
Sto tidlig opp for å rekke flyet til Cusco, 3400 m.o.h. Cusco er den historiske hovudstaden til inka riket.
Me brukte dagen på å gå rundt i byen og sjå. Me må bruka nokon dagar i høgden for bli akklimatisert. Me må bli vandt med den tynne lufta før me skal begynne blodslitet i fjellet. Dersom ein ikkje gjer det kan ein få høgdesjuka. Det vil me ikkje ha!
IMG_4642.jpg
Cusco

Dag 3:
Tok buss opp til Sacred Valley der me gjekk litt rundt og såg Pisac ruinene.
Etter det reiste me på ein inkabar det me fekk smake på Chicha. Det er inka øl. Smakte ikkje noko særlig godt, men var no kjekt å smake det.
Vidare reiste me til Ollantaytambo der me var og besøkte nokre ruinar som er berømt for høge terrassar og me fekk ein liten smakebit på teoriane til korleis inka-folket har bygd dei inponerande byggverka. Til slutt gjekk me rundt på eit marked der og fekk kjøpt oss nokre inkasuvenirar.

Dag 4:
IMG_4785.jpg
Vegen me skal gå

I dag startar sjølve Inka Trailen. Me grua oss masse med tanke på at kondisjonen har nådd botn og alle musklar er blitt betydlig mindre. Og tanken på at me skulle gå i 6-7 timar denne dagen gjorde det ikkje mykje betre. Men me måtte uansett starta på dette me har gleda oss så lenge til.
Me sto opp kl 0600 og køyrte buss fram til Km 82, der trailen startar. Her møtte me også porterane våres. Det er dei som skal bære baggasjen vår, maten me skal leva av i 3 dagar og telta me skal bu i. Dei bærer 25-30 kilo kvar. Me hadde med oss 18 porterar, 2 kokkar og 2 guidar.
Me gjekk i eit ganske så høgt tempo, men det gjekk bra.
IMG_4735.jpg
Heile gjengen samla før tur.
IMG_4778.jpg
Lunsj
IMG_4794.jpg
To gode naboar
IMG_4793.jpg
Kom fram til ferdig oppsatt leir. Tommel opp!

Dag 5:
Sto tidleg opp i dag og. Fekk beskjed om at i dag var den tøffaste dagen. Me skal gå FEM timar rett opp og to timar rett ned! Me fekk heldigvis lov å gå i eige tempo så det var ikkje så gale. Me tok pause ca.kvart 10ende sekund.
Me passerte Dead Womans Pass, 4198 m.o.h. Så høgt har me aldri vore før og me merka godt at lufta vart tynnare og tynnare dess nærmare me kom toppen. Me hadde litt uflaks da det var overskya når me endelig nådde toppen. Men me fekk med oss litt av utsikten på veg opp så det var ikkje heilt bortkasta.
IMG_4803.jpg
Esel i vegen
IMG_4808.jpg
Foss
IMG_4818.jpg
Allan og ein porter
IMG_4820.jpg
Pause nr.357
IMG_4824.jpg
Viktig med pause
IMG_4878.jpg
Allan på toppen.
IMG_4887.jpg
Norske-bilde på toppen :)

Dei to timane ned fra fjellet var nesten like harde som dei fem timane opp. Stien gjekk rett ned, så me kjente det godt i knea.

Dag 6:
I dag gjekk me i til saman 9 timar. Me tykkte denne dagen var den finaste. Me gjekk på ein sti med fjell på eine sida og ein ubeskriveleg utsikt på andre. Det var heilt fantastisk. Dikka tenker sikkert at 9 timar med gåing er uendeleg langt, men tida gjekk kjempe fort, og me hadde det kjekt der me skravla heile gjengen og tok bilete.
IMG_4899.jpg
Flott natur.
IMG_4924.jpg
Landskap.
IMG_4946.jpg
Allan og natur.
IMG_4991.jpg
Allan og Guro

Når me kom fram på campen fekk me ta oss ein varm dusj. Og DET var godt det. Så no vart me reine og fine til den store morgondagen.

Dag 7:
Vart vekt kl.0345 og første tanken som gjekk i hovudet til Allan var: ENDELEG! Machu Picchu here I come!
Han var heilt spinn vill og maste og maste om at Guro skulle komma seg ut av soveposen. Når me endeleg fekk "sjekka oss inn" og starta turen til "Sun-gate", også kalla "Cloud-gate", var Allan den raskaste og Guro klarte så vidt å holda følge med han. Ein og ein halv time seinare var me framme til der me kan sjå Machu Picchu. Til vår store skuffelse såg me ingenting...berre skyer. Me trudde me skulle sitte her til skyene forsvann, men der tok me feil. Me starta å gå ned mot M.P, ca.30 min. Når me kom ned glimta me litt av M.P gjennom skyene. Heldigvis forsvann skyene fort og sola kom fram. Det var helt ubeskriveleg å sjå! Det absolutte høgdepunktet på turen!
IMG_5012.jpg
ENDELIG FRAMME!!!!
IMG_5021.jpg
Første synet av M.P
IMG_5043.jpg
Skyene reiste heldigvis fort!
IMG_5070.jpg
Fugl
IMG_5076.jpg
Lama
IMG_5090.jpg
Earth-Temple
IMG_5096.jpg
Utruleg at dei fekk det til!
IMG_5129.jpg
Allan
IMG_5126.jpg
4 trøtte jenter
IMG_5137.jpg
Machu Picchu
IMG_5141.jpg
"Inka Trail to Machu Picchu, I DID IT!!"
IMG_5143.jpg
"Inka Trail to Machu Picchu, I DID IT!!"
IMG_5154.jpg
Guro og M.P
IMG_5160.jpg
SÅ glad vart Allan når han kom fram!
IMG_5190.jpg
Allan, Guro og M.P

Avslutta dagen med eit deilig bad i Hot Spring.
P4222130.jpg

Me var utruleg heldige med været når me var i M.P. Det var knall sol og me kosa oss glugg i hjel!

No har me sagt hade til alle dei snille jentene me vart kjend med. At me kom i same gruppe som desse kjekke jentene var prikken over i`en, og gjorde turen enda betre!

No ventar Brasil. Der skal me slappe av og sleike sol i to veker :)

Skrevet av GuroAllan 14:07 Arkivert i Peru Kommentarer (2)

Costa Rica

overcast 26 °C

Hola!
Da har me fått opplevd litt av Costa Rica. Me hadde bestilt to netter i hovudstaden, San Jose, før me reiste. Me trudde byen var ein fin og koslig by. Men der tok me feil! Byen var ganske så skuffande, så me fann fort ut at me ville reisa vekk fra byen så fort som mogleg. Me hadde lest på andre reisebloggar osv.at det var veldig interessant å sjå vulkanar her i CR, så me reiste opp til ein vulkan som heiter Arenal. Arenal er ein aktiv vulkan, og du kan sjå lava som kjem ut fra vulkanen kvar dag. Me hadde desverre dårleg vær så fekk ikkje sett heile vulkanen, så det var litt nedtur. Me reiste opp til ein utkiksplass for å sjå raud lava om kvelden, men var alt for overskya så såg ingenting. Men me hørte aktiviteten fra vulkanen.
Alt me såg av vulkanen

Alt me såg av vulkanen


Fossefall ved Arenal

Fossefall ved Arenal


Allan i fossen 2

Allan i fossen 2


Allan, Guro og Arenal Lake

Allan, Guro og Arenal Lake

Etter me hadde vert på vulkanen reiste me ned til eit luksushotell som har naturleg oppvarma "basseng" fra vulkanen. (Baldi Hot Springs). Der bada me og kosa oss i 30-60 varmegrader. Det er mange ulike basseng der med ulik temperatur.

Lavastein som varma vatnet

Lavastein som varma vatnet


Allanguro

Allanguro


Avslappa Allan

Avslappa Allan


Guro i hot spring

Guro i hot spring


Ahhh...godt og varmt

Ahhh...godt og varmt


Bar i vatnet

Bar i vatnet

Etter to dagar oppe ved Arenal, bestemte me oss for å reise til Stillehavskysten. På vegen dit såg me krokodiller. Ville krokodiller!"
Guro og VILLE krokodiller

Guro og VILLE krokodiller

Me kom fram og gjekk rundt på plassen her. Me havna i ein liten, fin strandby som ligg rett ved Manuel Antonio National Park. Me bestemte oss for å reise på ein Canopy tur dagen etter. Reknar med dikka ikkje veit kva det er, men det blir vist godt i bileta og filmane nedanfor. Det var uansett utruleg artig og ein knall opplevelse!

Guro

Guro


Allan i farta!

Allan i farta!


Allan og Guro

Allan og Guro

Allan på veg ned ei lita line. Dette var den siste og me trengte ikkje ha beskyttelse eller noko. Var mest for moro.

Samme line som Allan reiste ned.

Dette er film fra den høgste lina. 130 meter over bakken! Kjempe fin utsikt over regnskogen.
Me har aldri prøvd å legga ut video før, så håpar det blir vellukka. Fint om dikka gidda å gi respons på om det funka :)

Etter canopy-turen reiste me til eit fossefall og bada. Allan måtte såklart testa ut korleis det var å hoppe fra fossen.
Allan i fossen

Allan i fossen


Allan hopp

Allan hopp

Avslutta dagen med ein vakker solnedgang og kanongod middag med vin og øl :) Var heldige med at skyene reiste når sola gjekk ned.
Solnedgang

Solnedgang

I morgon(torsdag) reiser me tilbake til San Jose på kvelden. Reiser vidare til Peru fredags morgon.
Trass i regn kvar dag har me hatt eit fantastisk opphold i Costa Rica. Eit av dei vakraste landa me har vore i hittil!

Klem Allan og Guro

Skrevet av GuroAllan 19:51 Arkivert i Costa Rica Kommentarer (4)

(Innlegg 1 - 5 av 39) Side [1] 2 3 4 5 6 7 8 » Neste