Miami
og ein svipp tur i L.A
02.04.2010
25 °C
Da har me hatt nokon dagar i Miami. Me kosar oss masse og slappar godt av. Har og fått vaska alle kle så det er helt topp!
Hadde litt problem med å komme fra Tonga, for Allan var visst nok nekta adgang til USA. Me hadde såklart ikkje skreve ut kopien av at han hadde søkt om ESTA. Så me brukte vel 1 time på å sjekke inn baggasjen og dei måtte søke på nytt om ESTA til USA for Allan. Det gjekk no bra til slutt og me kom no inn.
Etter 13 timar i flyet kom me fram til L.A og det var no 8 timar til flyet til Miami skulle gå. Me bestemte oss for å reise ein tur ut i byen. Super-økonomiske som me er tok me buss inn. Kom fram 2 timar seinare, gjekk rundt i byen i 1 1/2 time og tok taxi tilbake. Med taxi brukte me 20 min, og buss var veldig, veldig kavete. 
Walk of fame

Hollywood
Når me kom fram til Miami vart me henta av Stian tidleg om morgoen. Me fekk nokon skjeve og hoppa rett til sengs. Når me sto opp reiste me rett på flyging. Allan flaug med Stian og Guro flaug med Mikkel, kompisen til Stian som også går på pilotskulen. Me flaug over Miami Beach, ned til Key Biscayne og oppatt. Me hadde knall blå himmel og ein kanonutsikt over Miami. Absolutt verdt turen og pengane. 
Stian

Her nede ein plass er leiligheten

Miami Beach

Miami Beach

Allan og Guro

Allan og Pilot-Stian

Guro og Pilot-Mikkel
Dei siste dagane har me slappa av på stranda og i bassenget. I dag var me på Sawgrass Mills Mall og fekk brukt litt peng.












Hei, fekk de kjøpt sko?? Og hugsa du alle størrelsane :-)
God påske! Klem fra oss på fjellet
03.04.2010 fra Mamma